Landbrukstjenester Hedmarken

Nominering av Årets Avløysar 2022

 

Då er det endeleg tid for å nominere til Årets Avløysar 2022. Nytt av året er at ein treng ikkje meir enn 2 års ansiennitet, noko vi håpar mange yngre avløysarar set pris på.

Som tidlegare år så kan alle nominere den dei meiner fortener å vinne tittelen som Årets Avløysar. Premien er eit reisegåvekort på kroner 20 000. 

Slik vil kåringa føregå (alt skjer digitalt):

  • Nominasjonsrunde startar 18. mai og vert avslutta 31. juli.
  • Fylkeskåring frå  midten av august til  september.
    • Alle som nominert i nominasjonsrunden og er innafor kriteria, skal stemmast på pr. fylke. 
  • Semifinale frå september til oktober.
    • Semifinale består av ein kandidat frå kvart fylke, dei tre med flest stemmer går til finalen.
  • Finale frå oktober og fram til ein satt dato. (dato for avslutning kan variere frå år til år).
    • Årets Avløysar i Noreg skal stemmast fram blant dei tre som gjekk vidare frå semifinalen.
  • Dei tre finalistane vert invitert til NLT si Haustsamling. Her vert vinnaren av Årets Avløysar offentleggjort under festmiddagen.
  • Premien til Årets Avløysar er diplom og eit reisegåvekort på heile 20000,-

Lenke til nominasjonen

Klikk her for å kome til nominasjonsskjema

Vilkår for å verte Årets Avløysar
  • vere tilsett i eit avløysarlag/landbrukstenester som er medlem i Norske Landbrukstenester.
  • ha arbeidd i minst 60% stilling som avløysar/landbruksvikar i minimum 2 år.
  • vera ein god ambassadør for yrket, både internt og eksternt.
  • kunne arbeida sjølvstendig, ta ansvar og ha ei positiv haldning til yrket og landbruket generelt.
  • kandidatar som har vunne prisen i løpet av dei siste fem åra, frå og med 2020, kan ikkje delta.

Vi gjer merksam på at det kan førekome justeringar av datoar under kampanjen.